Norheimsund, 12.-14. juni 2026

Song for deg og meg

Songstund med Kari Malmanger
Laurdag 13. juni kl 12:00 og 13:00, Biblioteket i Norheimsund
Inngang: 100,-

Kari inviterer til interaktiv konsert med folketonar, rørsler og rytmar. Ho utforskar stemningar og viser korleis song kan skape ro og glede. Kari er musikkpedagog og folkesongar med lang erfaring med alle aldersgrupper. I denne songstunda vert ungane inviterte med inn i den rike songarven vår. Dei får oppleve song, tonar og andre artige lydar og vere med på å skape musikk. Konserten passar best for dei minste borna (1-5 år).

Songstunda varer i omlag 30 minuttar. 

Etterklang: Markhus & Lid

Laurdag 13.juni kl 23, Sjøhuset Pub i Norheimsund

Knut Markhus og Lars Sveinung Lid fann kvarandre baki ein buss i ytre luten av Kvam for snart førti år sidan. Frå nøyaktig det augeblikket har dei vore eit musikalsk tospann.

Les meir »

Etterklang: Stig

Fredag 12. juni kl. 22:00, Sjøhuset Pub i Norheimsund

Med gitar, stemme og eit solid repertoar presenterer han songane slik dei vart skrivne: direkte, ærlege og frie for staffasje.

Les meir »

Tesalong

Laurdag 13.juni kl 15:00, Thon Hotel Sandven

La deg rive med i fortid og notid når songar Ingeborg Ekeland og pianist Frode Skag Storheim inviterer til afternoon tea-konsert i damesalongen

Les meir »
Skroll til toppen