Personvernerklæring for hardingtonar.no
Kven me er
Nettsida vår er: https://hardingtonar.no.
Kva personopplysningar me samlar inn, og kvifor
Informasjonskapslar (cookies)
Ved besøk på innloggingssida vår, blir det sett ein mellombels informasjonskapsel for å sjekke om nettlesaren din godtar informasjonskapslar. Denne inneheld ingen personlege data og vert sletta når nettlesaren blir lukka.
Innebygd innhald frå andre nettstader
Artiklar på nettsida kan inkludere innebygd innhald som videoar, bilete eller artiklar. Innebygd innhald frå andre nettstader oppfører seg på same måten som om du besøkte den andre nettstaden.
Desse nettstadene kan samle inn opplysningar, bruke informasjonskapslar, inkludere tredjeparts sporing og overvake di interaksjon med det innebygde innhaldet, særleg om du har ein konto og er innlogga på den aktuelle nettstaden.
Kven me deler opplysningane dine med
Me nyttar MapPress med kart frå OpenStreetMap. Når du brukar sidene med kart, kan visse opplysningar (som IP-adresse og teknisk informasjon om nettlesaren din) bli delte med OpenStreetMap for å levere karttenesta.
Kor lenge me oppbevarer opplysningar om deg
Opplysningar du gir oss gjennom kontaktskjema blir sende direkte til vår e-post og vert nytta til å behandle førespurnaden din eller handtere kommunikasjonen vidare. Me brukar ikkje desse opplysningane til andre formål enn det du oppgir i kontaktskjemaet, og opplysningane blir ikkje lagra på nettsida.
Dine rettar når det gjeld data me har om deg
Har du ein konto på sida, kan du be om ei eksportert fil med personopplysningane me har om deg, inkludert alle opplysningar du har gitt oss. Du kan også krevje at me slettar alle personlege opplysningar me har om deg. Dette gjeld ikkje data me er plikta til å oppbevare av administrative, juridiske eller tryggleiksårsaker.
Kontaktinformasjon
Ved spørsmål eller førespurnader knytt til personvern, ta kontakt med oss gjennom kontaktskjema på nettsida.