Avtalevilkår for gåver via Vipps
Denne innsamlingsaksjonen går til Kvam Kyrkjelege Fellesråd.
Mottakar
Kvam Kyrkjelege Fellesråd
Organisasjonsnummer: 976 995 082
Adresse: Kyrkjevegen 40, 5600 Norheimsund
Kva pengane går til
Innsamlinga går til finansiering av nytt flygel til Norheimsund kyrkje.
Flygelet skal brukast i kyrkja sitt eige arbeid, men òg vere eit instrument som kan brukast i samarbeid med festivalen Hardingtonar. Etter den avtaleskissa skal flygelet stå i Norheimsund kyrkje og kunna brukast av kantorane, til konsertar, gudstenester, gravferder og bryllaup. Hardingtonar skal òg kunna nytta instrumentet til eigne konsertar. Norheimsund kyrkje er også eit mykje brukt konsertlokale for andre konsertar. Flygelet vil også då kunne brukast.
Målet med innsamlinga er at flygelet skal finansierast gjennom gåver og tilskot, slik at kjøpet ikkje går ut over den ordinære drifta til kyrkja eller festivalen.
Kjøp av tangent
Ved å gje ei gåve kan du symbolsk kjøpe ein tangent på flygelet.
Minimumsbeløpet er kr 3.000,- per tangent. Det er òg mogleg å gje eit høgare beløp dersom ein ønskjer det.
Betalinga er ei eingongsgåve. Det vert ikkje trekt faste eller repeterande beløp.
Betaling via Vipps
Gåva vert betalt via Vipps til Kvam Kyrkjelege Fellesråd. Når du gjennomfører betalinga i Vipps, stadfestar du gåva og beløpet du ønskjer å gje.
Betalinga vert synleg i Vipps-appen din. Dersom du treng nærare dokumentasjon eller kvittering, kan du kontakte Kvam Kyrkjelege Fellesråd.
Bruk av innsamla midlar
Innsamla midlar skal nyttast til kjøp av nytt flygel og nødvendige kostnader knytt til dette. Dersom det vert samla inn meir enn det som trengst til sjølve kjøpet, kan overskytande midlar nyttast til føremål som naturleg høyrer saman med flygelet, til dømes transport, stemming, forsikring, vedlikehald eller anna tilrettelegging for bruk av instrumentet.
Angrerett og tilbakebetaling
Gåva er eit frivillig bidrag og vert normalt ikkje refundert. Dersom det har skjedd ein feil, til dømes feil beløp eller dobbel betaling, kan du kontakte Kvam Kyrkjelege Fellesråd så snart som mogleg.
Personopplysningar
Personopplysningar som vert registrerte i samband med gåva, vert handsama i tråd med gjeldande personvernregelverk. Opplysningane vert berre brukte til å administrere gåva, følgje opp betalinga og eventuell dokumentasjon.
Vipps handsamar òg personopplysningar som del av betalingstenesta. Sjå Vipps sine eigne vilkår og personvernerklæring for meir informasjon.
Spørsmål og klager
Spørsmål om innsamlinga, betalinga, feilbetalingar eller handsaming av personopplysningar kan rettast til:
Kvam Kyrkjelege Fellesråd
E-post: OL485@kyrkja.no
Telefon: 41400035
Hardanger IT AS