GEIRR TVEITT - KORT HISTORIKK
Geirr Tveitt var den mest fargerike norske musikkskaparen i sin generasjon - og den mest produktive. Han åtte det åndelege vengespenn og den fantasiens flukt som særkjenner kunstnarar med ein flik av genialitet. Strid og sta, ja visst – til liks med Beethoven, Munch og Picasso. Sær, tykte somme.
Dei opplevde ikkje den andre Geirr; eit eventyr av sjenerøsitet og festvitas, eit menneske som formidla sterk varme og vedunderleg humor, ofte med sjølvironisk sveip. I botnen var han smålåten, audmjuk på vegner av eigen musikk.
Sin komponistdebut fekk han alt under studieåra i Leipzig med ein klaverkonsert som hausta stor fagning. Gjennombrotet kom i 1938 med orkesterversjonen av Baldurs draumar, ein norrønt inspirert ballettmusikk, karakterisert som “årets musikkhending” i Oslo. Innsamling av folketonar før og under okkupasjonen resulterte i Femti folkatonar frao Hardanger for klaver og Hundrad hardingtonar for symfoniorkester, hans mest kjende verk som viser tilknytning til Bartok og Ravel i eit særmerkt folketoneinspirert impresjonistisk tonespråk på norsk grunn.
Som klavervirtuos og dirigent gjennomførde Geirr Tveitt omfattande turnear i Sør- Europa og Nord-Afrika, ikkje minst hadde han suksess med sine verk i Paris. Tveitt sin enorme produksjon spente frå opera, symfoniar og solokonsertar, til den enklaste vise. Nokre av hans visemelodiar, slike som, ”Vi skal ikkje sova bort sumarnatta”, er gått inn i det norske basisrepertoaret.
Av Reidar Storaas
GEIRR TVEITT - DEN KORTE HISTORIA
Tveitt, Geirr, 1908-1981, komponist, pianist og musikkteoretikar. Fødd 19.10.1908 i Bergen og døypt Nils. I 1935 endra han namnet til Geirr. Død 1.2.1981 i Oslo. Gravlagt på Vikøy kyrkjegard, Kvam, Hardanger.
Av Reidar Storaas
Les meir…
GEIRR TVEITT - DEN KORTE HISTORIA
HT08 samarbeider med Mic Media om levering av artiklar til Tveitt Hauge jubileum nettsida.
Les meir…