Fredag 12. juni kl. 22:00, Sjøhuset Pub i Norheimsund
Inngang: 100,-
Stig er eit solo indie folk-prosjekt med varme, nære songar og eit rått uttrykk. Med akustisk gitar i sentrum blir musikken halde enkel og ærleg – der stemma, strengane og rommet får vere like viktige. Songane krinsar rundt minne, stad og det som ligg mellom menneske, og blir framført utan mykje filter eller staffasje. Det handlar meir om kjensle enn perfeksjon, meir om nærleik enn lydnivå. Dette er musikk som passar best i stille rom, for lyttande øyre, og for dei som set pris på det som får ta litt tid.
Stig Lundblad-Sandbakk er oppvaksen i den vesle bygda Barstadvik på Sunnmøre. Då han var ein neve stor, lærde han å spela gitar på faren sin akustiske Yamaha. Seinare starta han sin musikalske karriere som vokalist i progrock-bandet Woo i Ørsta. Som tjueåring flytta han til Bergen for å verta rockestjerne, og Woo gjorde det godt rundt om på nasjonale scener. Etterkvart byrja han å skriva eigne låtar og lanserte soloprosjektet A Boy Named Sue, som seinare utvikla seg til eit fullt band. I 2007 gav bandet ut plata Selling Road Maps For The Soul, som opna dører til store konsertscener, inkludert By:Larm. Stig si musikalske reise har sidan den gong strekt seg frå rock og prog til meir personlege og akustiske uttrykk.
Han har sidan 2000-talet bidrege på scene og utgjevingar med artistar som Heidi Marie Vestrheim, Hei Kalas!, Skatebård, Enslaved, Tåke, De Musikalske Dvergene, Heavykatten, Sinking Sea m.fl, i tillegg til opptredenar som solo-artist. Han har i tillegg vore fast medlem i husbandet til arrangementet LittLarm, gjendiktings-tevlinga som har vore ein fast del av Bygdalarm. Kanskje dukkar det og opp smakebitar frå dette prosjektet i konserten.


