Norheimsund, 12.-14. juni 2026

Som i ein draum

Søndag 14.juni kl 16:00 Norheimsund kyrkje
Skodespelar Hildegun Riise, pianist Håvard Gimse og visesongar Lars Klevstrand

Inngang: 350,-/175,- for born under 18 år og studentar

På programmet står dikt og dagboknotatar av poeten Olav H. Hauge i møte med musikken til Geirr Tveitt. Velkomne med æra, Vi skal ikke sova burt sumarnatta, og Det er den draumen med ber på, er blant våre dikt og songskattar som me får høyra. 

Dei to var høvdingar på kvart sitt felt, frå Hardanger og fødde same år, 1908. Dei vart begge skikkeleg feira i 2008, og det var då konstellasjonen Riise/Gimse/Klevstrand oppstod.

Etterklang: Markhus & Lid

Laurdag 13.juni kl 23, Sjøhuset Pub i Norheimsund

Knut Markhus og Lars Sveinung Lid fann kvarandre baki ein buss i ytre luten av Kvam for snart førti år sidan. Frå nøyaktig det augeblikket har dei vore eit musikalsk tospann.

Les meir »

Etterklang: Stig

Fredag 12. juni kl. 22:00, Sjøhuset Pub i Norheimsund

Med gitar, stemme og eit solid repertoar presenterer han songane slik dei vart skrivne: direkte, ærlege og frie for staffasje.

Les meir »

Tesalong

Laurdag 13.juni kl 15:00, Thon Hotel Sandven

La deg rive med i fortid og notid når songar Ingeborg Ekeland og pianist Frode Skag Storheim inviterer til afternoon tea-konsert i damesalongen

Les meir »
Skroll til toppen