Laurdag 13.juni kl 21:00, Hotellhagen i Norheimsund
Inngang: 550,-/275,- for studentar
Med gitar, stemme og eit solid repertoar presenterer han songane slik dei vart skrivne: direkte, ærlege og frie for staffasje. Eggum har i fleire tiår vore ei tydeleg stemme i norsk songtradisjon. Han kombinerer presise observasjonar med eit skarpt blikk for både det alvorlege og det kvardagslege, og har skrive låtar som framleis treff, uansett når du først høyrer dei. Konsertane ber preg av erfaring og ro.
Ein kveld med Eggum i hotellhagen, med Hardangerfjorden i bakgrunnen vert storslått!
Foto: Stageway


