Norheimsund, 12.-14. juni 2026

Dei syngjande

Søndag 14. juni kl 20:00, Øystese kyrkje
Inngang: 350,-/175 for studentar og born

Folkesongarar frå Vestlandet

Me rundar av Hardingtonar 2026 i Øystese kyrkje og let «Dei syngjande» fylle rommet med klangen frå den rike songtradisjonen i området vårt.
Dei syngjande tek vare på, utforskar og gjenskapar folketonane, identiteten og stemmene frå fortida. 
Songane vert framførte både solo og i samsong. Dei er ikkje eit kor desse songarane, men 14 solistar som syng saman.
Dei syngjande er eit møte mellom folkesongarar frå Voss, Hardanger og Vestlandet elles, der kvar og ein av dei står sterkt i sin tradisjon, og repertoaret er henta frå kjeldene deira.

Songarane:
Annlaug Børsheim
Berit Opheim
Felicia Storn
Jori Gjelland Lie
Karen F. Brattebø
Kari Finne Sognnæs
Kari Malmanger
Lajla Storli
Monika Kolskår Toppe
Oda Hesjedal Langhelle
Solbjørg Tveiten
Thale Valland
Tone Juve
Åshild Vetrhus

Etterklang: Markhus & Lid

Laurdag 13.juni kl 23, Sjøhuset Pub i Norheimsund

Knut Markhus og Lars Sveinung Lid fann kvarandre baki ein buss i ytre luten av Kvam for snart førti år sidan. Frå nøyaktig det augeblikket har dei vore eit musikalsk tospann.

Les meir »

Etterklang: Stig

Fredag 12. juni kl. 22:00, Sjøhuset Pub i Norheimsund

Med gitar, stemme og eit solid repertoar presenterer han songane slik dei vart skrivne: direkte, ærlege og frie for staffasje.

Les meir »

Tesalong

Laurdag 13.juni kl 15:00, Thon Hotel Sandven

La deg rive med i fortid og notid når songar Ingeborg Ekeland og pianist Frode Skag Storheim inviterer til afternoon tea-konsert i damesalongen

Les meir »
Skroll til toppen