
Middag og fyresnakk
Fredag 12.juni kl 17:30, Thon Hotel Sandven
Bli med på middag og fyresnakk, med Frode Skag Storheim. Betre førebuing til opningskonserten blir det ikkje!

Fredag 12.juni kl 17:30, Thon Hotel Sandven
Bli med på middag og fyresnakk, med Frode Skag Storheim. Betre førebuing til opningskonserten blir det ikkje!

Fredag 12. juni, kl 19:30 Norheimsund idrettshall
Bergen Filharmoniske Orkester, under leiing av det store dirigenttalentet Julie Røssland frå Voss, opnar Hardingtonar med Geirr Tveitt sitt mest kjente verk, Hundrad Hardingtonar

Fredag 12. juni kl. 22:00, Sjøhuset Pub i Norheimsund
Med gitar, stemme og eit solid repertoar presenterer han songane slik dei vart skrivne: direkte, ærlege og frie for staffasje.

Laurdag 13.juni kl 12.00 og 13:00, Biblioteket i Norheimsund
Kari inviterer til interaktiv konsert med folketonar, rørsler og rytmar. (1-5 år)

Laurdag 13. juni kl 21:00, Hotellhagen i Norheimsund
Ein kveld med Eggum er rett frem, morosam, upolert og heilt i hans ånd. Med gitar, stemme og eit solid repertoar presenterer han songane slik dei vart skrivne: direkte, ærlege og frie for staffasje.

Laurdag 13.juni kl 23, Sjøhuset Pub i Norheimsund
Knut Markhus og Lars Sveinung Lid fann kvarandre baki ein buss i ytre luten av Kvam for snart førti år sidan. Frå nøyaktig det augeblikket har dei vore eit musikalsk tospann.

Søndag 14. juni kl 16:00 i Norheimsund kyrkje
Eit program ved Hildegunn Riise, Håvard Gimse og Lars Klevstrand. Me får høyra dikt og dagboknotatar av poeten Olav H. Hauge i møte med musikken til Geirr Tveitt.

Søndag 14.juni kl 20:00, Øystese kyrkje
Folkesongarar frå Vestlandet
«Dei Syngjande», er ein møtestad der ein tek vare på, utforskar og gjenskapar folketonane, identiteten og stemmene frå fortida.
For å gi dei beste opplevingane nyttar me teknologi som informasjonskapslar for å lagra og/eller få tilgang til einingsinformasjon. Ved å samtykkje til desse teknologiane tillèt du oss å behandla data som nettlesaråtferd eller unike ID-ar på denne nettstaden. Dersom du ikkje samtykkjer eller trekkjer tilbake samtykket, kan dette påverke enkelte eigenskapar og funksjonar på nettsida.