Laurdag 13.juni kl 23, Sjøhuset i Norheimsund
Inngang: 100,- Aldersgrense 18 år.
Knut Markhus og Lars Sveinung Lid fann kvarandre baki ein buss i ytre luten av Kvam for snart førti år sidan. Frå nøyaktig det augeblikket har dei vore eit musikalsk tospann. Dei byr på eigne melodiar og underfundige tekstar som handlar om livet på godt og vondt, kanskje mest vondt. Men inni dei er det slik at når dei møtest på scenen er alt berre godt. Ja, då er livet på sitt beste for Markhus & Lid. Det går i gitar, piano og tostemt mannesong, i det meir fyrrige hjørnet av visetradisjonen.


