Laurdag 13.juni kl. 15:00, Damesalongen Thon Hotel Sandven
Tesalong:
«… O, ennu å være»
Inngang: 520,-
La deg rive med i fortid og notid når songar Ingeborg Ekeland og pianist Frode Skag Storheim inviterer til «afternoon tea»-konsert i damesalongen. Gjennom romansar av m. a. Grieg, Tveitt, og Storheim sjølv, vert dette ei romantisk tidsreise for både øyre og gane. Her er det berre å nytta høvet!
Frode Skag Storheim:
Frode er ein begeistra pianist og kulturformidlar, og ein svært etterspurd føredragshaldar, solist og skribent. I år debuterer han som forfattar med boka om målaren Hans Dahl. (Kjelde:Facebook)
Han kjem frå Radøy i Nordhordland, men har budd i Bergen sidan 2010. Etter lang fartstid i korps og kulturskule begynte han i 2008 pianistutdanninga si ved Griegakademiet, først hos Audun Kayser, og seinare hos Jan Hovden. Masteren i piano avla han i 2016. Han studerte også orgel i to år under Stig Wernø Holters leiing.
Trass i en klassisk skulering, er Frode svært allsidig som utøvar. Han har jobba som pianist/repetitør, mellom anna ved Bergen Nasjonale Opera, Den Nasjonale Scene, Bergen Filharmoniske Orkester og Sjøforsvarets Musikkorps. Ensemble han har jobba med som pianist og organist, inkluderer Ole Bull Kammerkor, Sankta Sunniva Kammerkor, Seim Songkor, Korall, Multa Paucis, og mange fleire.
Han har vore solist med mellom anna Universitetets Symfoniorkester i Bergen, Bergen unge kammerorkester og Eikanger-Bjørsvik Musikklag. Som frilanspianist har han halde konsert i eit titals europeiske land, opptredd på Festspillene i Bergen, Hardingtonar, Nordland Musikkfestuke, og har spelt solokonsert i Kristiansand domkirke. Han er også mykje brukt som konferansier og konsertføredragshaldar, og har lang erfaring som pedagog i utøvande og teoretiske fag.
Som operapedagog for Bergen Nasjonale Opera har han delteke i fleire prosjekt for vidaregåande skular. Våren 2020 spelte han i introduksjonsførestillinga «Kjærlighet i rødt, hvitt og svart», bygd på Mozarts opera La clemenza di Tito, saman med Beate Rostin og Ingvill Holter.
I 2022 var han forteljande pianist på konserten «Trippel Mozart» på Den Nationale Scene, og i desember same år deltok han i «Trippel Rossini, på same stad.
Frå 2022 har Skag Storheim skrive programtekstane for Harmonien.
(Kjelde: Bergen Nasjonale Opera)
Ingeborg Ekeland:
Ingeborg er sopran og fiolinist. Ho står trygt i mange sjangrar, og formidlar med ei sterk og smittsam musikkglede.
Ingeborgs veg inn i musikken starta med fiolintimar i ein alder av sju år, og sidan den gongen har ho vore ein aktiv fiolinist, og har spelt i ei rekke orkester; mellom dei Ung Symfoni(BFUng) og Bergen Unge Kammerorkester(BUKO). 11 år gammal starta ho songkarriera si, i Jentekoret ved Høgskolen i Bergen, og vart seinare medlem av Voci Nobili.
Ingeborg var i mange år med i Bergen Kulturskoles talentprogram, og blei valt ut til å synge under Forsvarets Musikkorps Vestlandets konsert «Unge Talenter.» Derifrå gjekk vegen til Griegakademiet i Bergen, der ho spelte Marcellina i «Figaros bryllup», Papagena i «Tryllefløyten» og Lene i den første revival-produksjonen av eit av Norges første syngespel, «Dragedukken», frå 1797. Studiane vart supplerte med masterclasses ved bl.a. Manhattan School of Music og Det Kongelige Danske Musikkonservatorium, samt timar med Solveig Kringlebotn ved Operahøyskolen i Oslo. Ingeborg vart teken ut som deltakar på Skive Opera Akademi 2015 og 2016.
I studietida var lærarane hennar Harald Bjørkøy, Hilde Haraldsen Sveen og Ricardo Odriozola. Hausten 2016 vart Ingeborg uteksaminert frå Griegakademiet med toppkarakter.
I tillegg til å synge mykje i kor og vokalgrupper, då spesielt Edvard Grieg kors satsing på unge songarar, Edvard Grieg Ungdomskor, og det prisvinnande samtids- og folkemusikk-ensemblet Multa Paucis, er Ingeborg ein aktiv solist. Ho har sunge med mellom anna Ung Symfoni, Bergen Filharmoniske Orkester, Forsvarets Musikkorps Vestlandet og BUKO, både her til lands og i land som Canada, Argentina, Japan og Australia.
Under Festspillene 2016 var Ingeborg songar i Griegakademiets første oppsetjing av Arnold Schönbergs «Pierrot Lunaire», med mellom anna musikarar frå Valen Trio. Hausten 2016 drog ho på turné til Australia for å formidle norsk folkemusikk og kulturarv, og våren 2017 debuterte ho på Bergens musikalscene. Under Festspillene 2021 var ho solist med Bergen Filharmoniske Orkester i storsatsinga “Let’s Play”, og var solist under orkesterets utandørskonsertar på Festningen i Bergen.
For tida er ho tilsett som formidlar og pedagog i Bergen Filharmoniske Orkester, i tillegg til å være ein aktiv og etterspurt solist, korsanger og konferansier. (kjelde: ingeborgekeland.com)
Foto: Per Anders Stange (det øvste fotografiet)


