Songstund med Kari Malmanger
Laurdag 13. juni kl 12:00 og 13:00, Biblioteket i Norheimsund
Inngang: 100,-
Kari inviterer til interaktiv konsert med folketonar, rørsler og rytmar. Ho utforskar stemningar og viser korleis song kan skape ro og glede. Kari er musikkpedagog og folkesongar med lang erfaring med alle aldersgrupper. I denne songstunda vert ungane inviterte med inn i den rike songarven vår. Dei får oppleve song, tonar og andre artige lydar og vere med på å skape musikk. Konserten passar best for dei minste borna (1-5 år).
Songstunda varer i omlag 30 minuttar.


