VEDTEKTER FOR STIFTINGA HARDINGTONAR
1. FØREMÅL
Stiftinga Hardingtonar har til føremål årleg, og innanfor eit avgrensa tidsrom, å organisera kulturaktivitetar av god kvalitet. Det skal arbeidast for musikk av høg nasjonal og internasjonal standard både i innhald og framføring. Komponisten Geirr Tveitt sin musikk bør ha ein sentral plass i festivalen. Festivalen ynskjer å vera ein motor og inspirasjonskjelde for lokalt musikkliv på alle plan.
2. KAPITAL
Stiftinga sin grunnkapital er på NoK 10.000,-
3. HOVUDSTYRE
Stiftinga vert leia av eit hovudstyre på fem medlemmer, medrekna leiar. Hovudstyret representerer stiftinga utad og avgjer alle saker så langt det ikkje er delegert til andre organ i organisasjonen. Hovudstyret har ansvar for at stiftinga vert forvalta på ein god og forsvarleg måte. Det fyrste hovudstyret er sjølvoppnemnd og fungerer på ubestemt tid. Når eit medlem går ut, vel attverande del av hovudstyret ein etterfølgjar. Hovudstyre vel sjølv leiar. Så langt ikkje anna går fram av desse vedtektene, vert hovudstyret sine vedtak fatta med vanleg fleirtal. Ved røystelikskap har leiaren dobbelrøyst. Hovudstyret held møte i samsvar med fastsett møteplan. I tillegg skal det haldast møte når leiaren eller to medlemer ynskjer det. Hovudstyret er vedtaksført når minst tre medlemer er tilstades.
4. ORGANISASJON
Stiftinga skal organiserast med fylgjande 5 utval: • Økonomiutval • Programutval • Marknadsføringsutval • Teknisk utval • Dugnadsutval. Utvala skal vera rådgjevande organ for hovudstyret. Kvart utval skal leiast av eit hovudstyremedlem, vald av hovudstyret. Styret avgjer kor mange medlemer kvart utval skal ha. Utvalsleiaren fastset tid og stad for utvalet sine møte og kallar inn. Hovudstyret kan supplera organisasjonen ved å knyta til seg eksterne konsulentar og ved å leiga sekretærtenester, eller ved å tilsetja folk i faste stillingar.
5. REVISOR
Stiftinga skal ha revisor oppnemnd av hovudstyret.
6. VEDTEKTSENDRING
Vedtektene kan endrast av hovudstyret. Alle endringsframlegg skal vera skrftlege og handsamast i minst 2 hovudstyremøte. Ved siste handsaming lyt minst 4 styremedlemer vera tilstades og vedtaket vera samrøystes. Vedtekter etter styret sitt vedtak 18.11.2008, og revidert i 2014. Ny revisjon i 2023.