Fredag 12. juni kl 19:30, Norheimsund idrettshall
Programmet blir lagt ut så snart det er klart!
Bergen Filharmoniske Orkester, som har delteke på opningskonsertane til Hardingtonar sidan starten, har status som nasjonalorkester og kan som eit av dei eldste orkestera i verda føra historia si heilt tilbake til 1765.
Edvard Grieg var nær knytt til orkesteret, og var i åra 1880-82 den kunstnariske leiaren i orkesteret. Orkesteret tel 101 musikarar og feira sitt 250-årsjubileum i 2015. Orkesteret nyt høg internasjonal respekt takka vera turnear, innspelingar, strøymetenesta Bergenphilive og internasjonale bestillingsverk. I 2020 vart orkesteret nominert til Orchestra of the Year av Gramophone, og i 2021 vart innspelinga av Benjamin Brittens opera Peter Grimes kåra til Gramophone Recording of the Year og Gramophone Opera Recording of the Year. Orkesteret vann Spellemannprisen 2023 for innspelinga av Frederick Delius’ Ei messe for livet.
Dei siste sesongane har orkesteret spelt i mellom anna Concertgebouw, Amsterdam, BBC Proms i Royal Albert Hall, Wiener Musikverein og Konzerthaus, Carnegie Hall, New York og dessutan Philharmonie og Konzerthaus Berlin. I 2017 gjorde orkesteret og medverkande kor stor suksess på Edinburgh International Festival med ein kritikarrost produksjon av Peter Grimes. I 2018 besøkte orkesteret igjen Concertgebouw og BBC Proms i Royal Albert Hall, og spelte som første skandinaviske orkester i Hamburgs Elbphilharmonie. I 2019 hadde orkesteret residensopphald i Salzburg og framførte Benjamin Brittens opera Peter Grimes i Royal Festival Hall, London. Orkesteret turnerte i Tyskland og Belgia i 2023, med Vikingur Olafsson og Augustin Hadelich som solistar. I 2024 spelte orkesteret opningskonsertane på Festival Internacional de Musica de Canarias og turnerte i Tyskland og Austerrike med Alexej Gerassimez, Isabelle Faust og Veronika Eberle som solistar. Våren 2025 leidde Sir Mark Elder orkesteret på turné til Salzburg, Nürnberg, Mannheim, Coesfeld og Eindhoven, og no avsluttar dei konsertsesongen i Norheimsund.
Du kan lese meir om heile Vestlandets orkester på harmonien.no (lenke: https://harmonien.no/om-oss/om-bergen-filharmoniske-orkester/)