Denne opningskonserten vert storslått!
Festivalopning ved Grunde Kreken Almeland
Bergen Filharmoniske Orkester stiller klare til å framføre to kompsisjonar av Geirr Tveitt. I tillegg kjem dei med musikk frå Peer Gynt! Du kan vente deg kjende musikkstykke som perler på ei snor! Med seg har BFO denne kvelden lokale aktørar frå Kvam! Me gler oss til å få fortalt historia om Peer Gynt av lokale aktørar i fin blanding med Vestlandet sitt eige orkester Bergen Filharmoniske Orkester.
Dirigent: Ingunn Korsgård Hagen
Medverkande i konserten saman med BFO:
Forteljar: Amalie Jensen Tolo
Solist: Thale Valland
Solist: Emilie Røyrane Kjelby
Sopran: Anne Cathrine Eiken
Hardingfele: Arngunn Timenes Bell
Skodespelarar og dansarar frå Kvam kulturskule Regi og manus: Amalie Jensen Tolo
Nær 100 korsongarar frå Kvam, under leiing av Eirin Beate Åserud Løvlid