Konserten startar naturlegvis med den kjende og kjære «Ve no velkomne med æra», og det vert fleire innslag av Geirr Tveitt i festivalhelga til Hardingtonar, som «Fløytelåt» og «Vi skal ikkje sova burt sumarnatta». Dette vert eit allsidig program med også andre kjende songar i programmet, som «Danse mot vår» og «Tango for to». Det vert også små personlege anekdotar, pianospel og diktlesing av bl.a. Olav H. Hauge.
Det vert oppfordra til allsong!
Konserten er i samarbeid med Kvam herad og Den kulturelle spaserstokken.