Norheimsund, 6.- 8. juni 2025

Opningskonsert med BFO

Fredag 6. juni kl 19:30, Norheimsund idrettshall
Dirigent: Gemma New. Solist: Amalie Stalheim
Antonin Dvorak: Konsert for cello og orkester, h-moll, op. 104
Felix Mendelssohn: En midtsommernattsdrøm, op. 61, scenemusikk
Pris: 450,- / 200,- for studentar / gratis for dei i grunnskulealder.

Bergen Filharmoniske Orkester, som har delteke under opningskonserten til Hardingtonar sidan starten, har status som nasjonalorkester og kan som eit av verdas eldste orkester føra si historie heilt tilbake til 1765. Edvard Grieg var nær knytta til orkesteret, og var i åra 1880-82 orkesteret sin kunstneriske leiar. Edward Gardner er no sjefdirigent. Orkesteret tel 101 musikarar og feira sitt 250-årsjubileum i 2015. Orkesteret har ei høg stjerne internasjonalt, takk vere turnear, innspelingar, strømmetenesten Bergenphilive og internasjonale bestillingsverk. I 2020 vart orkesteret nominert til Orchestra of the Year av Gramophone, og i 2021 vart innspillinga av Benjamin Brittens opera Peter Grimes kåra til Gramophone Recording of the Year og Gramophone Opera Recording of the Year.

I løpet av dei siste sesongane har orkesteret spelt i mellom anna Concertgebouw, Amsterdam, BBC Proms i Royal Albert Hall, Wiener Musikverein og Konzerthaus, Carnegie Hall, New York samt Philharmonie og Konzerthaus Berlin. I 2017 gjorde orkesteret og medverkande kor stor suksess på Edinburgh International Festival med ein kritikerrost produksjon av Peter Grimes. I 2018 besøkte orkesteret igjen Concertgebouw og BBC Proms i Royal Albert Hall, og spelte som første skandinaviske orkester i Hamburgs Elbphilharmonie. I 2019 hadde orkesteret residensopphald i Salzburg og framførte Benjamin Brittens opera Peter Grimes i Royal Festival Hall, London. Orkesteret turnerte i Tyskland og Belgia i 2023, med Vikingur Olafsson og Augustin Hadelich som solistar. I 2024 spelte orkesteret åpningskonsertane på Festival  Internacional de Musica de Canarias og turnerte i Tyskland og Østerrike med Alexej Gerassimez, Isabelle Faust og Veronika Eberle som solistar.

(Teksten er henta frå BFO sine heimesider)

Foto: Lars Svenkerud
Skroll til toppen