img 5407

Hardingtonar avlyser årets festival

Musikkverda og «festivalnoreg» er i endring. Grunna pandemi og vanskar med å halda hjula i gang i kulturbransjen, har mange måtta tenkja annleis. Artistar må tenkja nytt, det same må me som arrangør. Me merkar også at prisane stig på varer og tenester. Tidene er økonomisk krevjande
 

Etter 30 år er det tid for å endra seg. Me ynskjer å skapa ein levedyktig festival som Kvam og Hardanger kan vera stolte av i 30 nye år. Hardingtonar skal levera kvalitet til eit breitt publikum. For å få dette til på best mogeleg vis, både innhaldsmessig og økonomisk, ser me at Hardingtonar i 2023 vert vanskeleg å få i hamn på ein god måte. I staden for å arrangere festival på sparebluss i år, arbeider me no med entusiasme og energi fram mot Hardingtonar 2024.

Me vonar at Kvam herad, Vestland fylke, sponsorar, publikum og alle andre gode samarbeidspartnarar er med oss slik at me kan planleggja og gjennomføra eit Hardingtonar for framtida i 2024.