Sundag 8. juni kl 13, Damesalongen, Thon Hotel Sandven
«Nu er svalene alt kommet fra de fjerne sydens egne,» skriv Herman Wildenvey. Når me møtest til Midtsumarsalong på Sandven skal den korte og intense sumaren feirast i musikk, poesi og mat. Slik sumaren strør roseblad og varmar sjel og sinn, har komponistar og diktarar hylla årstida med vakre tekstar og tonar. Sumaren er som skapt for dei gode minna, dei som ligg tilslørt bak ein flagrande blondegardin – dei Inger Hagerup skildrar når ho fortel om «en sommerdag for lenge siden, som roper meg tilbake gjennom tiden». Sumaren må nytast når ho er her, for brått er det som karakteren Puck i Shakespeares midtsumarlege skodespel seier: «Kanskje var det berre ein draum?»
Pianist og kulturformidlar, Frode Skag Storheim, inviterer til ein lyrisk-musikalsk afternoon tea i Damesalongen, og byr på verk av mellom andre Grieg, Tveitt og Backer-Grøndahl.
Kr. 495,-
