Norheimsund, 6.- 8. juni 2025

Hardanger KorAkademi (tidl. Hardangerkoret)

Sundag 8. juni kl 17, Norheimsund kyrkje

Pris: 300,- /150,- for studentar og grunnskuleelevar

Hardanger KorAkademi feira 15 års jubileum som aktivt utøvande kor hausten 2024 med kortur til Irland i september og med jubileumskonsertar i Jondal og Norheimsund 10.november.  Koret vart stifta av songarar frå Jondal Grendakor i 2008 og er eit regionskor for Hardanger, Voss og omland. Koret er ein lærestad der både vanlege korsongarar og dirigentar/musikarar i regioen kan hente inspirasjon. Dei første 15 koråra, 2009 – 2024, var Per Oddvar Hildre kunstnarleg leiar og dirigent. Våren 2025 er Arild Remmereit ny kunstnarleg leiar og dirigent. Og koret kjem til Hardingtonar med eit program der vi er innom norske korperler og folketonar, Geirr Tveitt, svensk og engelsk repertoar og kanskje litt barokk.

Litt om dirigenten:
Arild Remmereit er ein norsk dirigent frå Brattvåg på Sunnmøre. Han har dirigert fleire av verdas mest kjente orkester.
Remmereit studerte song, piano (jazz og klassisk) og komposisjon ved Norges musikkhøgskole, og har også studert direksjon under Karl Österreicher ved Hochschule für Musik und Darstellende Kunst i Wien i Østerrike, og under Leonard Bernstein ved Orchestra dell’Accademia Nazionale di Santa Cecilia i Roma i Italia.
I åra 1988–1992 var han sjefsdirigent for Wiener Residens-Orchester. Han har også vore kunstnerisk leiar ved operaen i Kharkov. Han har vore gjestedirigent, mellom anna ved Mozarteum-orkesteret i Salzburg, Tsjekkias filharmoniske orkester (Česká filharmonie), Tokyo symfoniorkester (Tōkyō Firuhāmonī Kōkyō Gakudan) og Radioorkesteret i Hannover (NDR Radiophilharmonie).
(Wikipedia)

(meir info, sjå www.hardangerkorakademi.no)

Skroll til toppen