Norheimsund, 6.- 8. juni 2025

Ensemble Eon

Laurdag 7. juni kl 15:00, Kabuso

Pris: 250,- / 150,- for studentar

Ensemble Eon er eit ungt og livfullt kammermusikkensemble frå Bergen, sett saman
av fiolin, saksofon og piano – ei særeigen samansetjing som gjev musikken originale
fargar. Konsertane deira er kjenneteikna av energisk og leikande samspel, spanande
klangar og eit sjangeroppløysande musikalsk uttrykk.

Med eit tydeleg mål om å utfordre formidlinga i klassiske kammerkonsertar, har
Ensemble Eon dei siste åra gjennomført omfattande turnear både på Vestlandet og i
heile Noreg. Dei samarbeider med nokre av dei fremste musikkarrangørane og
komponistane i landet og har hatt gleda av å opptre på prestisjetunge arrangement
som den internasjonale musikkfestivalen Festspillene i Bergen.

Ensemble Eon gler seg til å koma attende til Kabuso og dela sin lidenskap for
kammermusikk med publikum på Hardingtonar.

Mara Haugen, fiolin

Morten Norheim, saksofonar

Martha Berit Belt, piano 

Skroll til toppen